15

Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

  • Upload
    others

  • View
    3

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt
Page 2: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

Innhald

Utgangspunkt for meldinga . . . . . 31 Innleiing . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 32 Utviklingslinjer. Kvifor det trengst

ein heilskapleg IKT-politikk (Kap. 2) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 4

3 IKT gir høgare produktivitet og auka velferd (Kap. 3). . . . . . . . . . . . . . . . . . 4

4 Alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet (Kap. 4) . . 4

5 IKT-forsking – nødvendig for vidare framgang (Kap. 5) . . . . . . . . . . . . . . . 5

6 IKT gir eit konkurransedyktig og kunnskapsorientert næringsliv (Kap. 6) . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . 5

7 Ei døgnopen elektronisk forvaltning gir betre tenester (Kap. 7) . . . . . . . . 6

8 Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet (Kap. 8) 6

9 Alle har ei rolle i å vareta IKT-tryggleiken i samfunnet (Kap. 9) . . . 7

Vedlegg1 Tiltak i St.meld. nr. 17 (2006–2007) .8

Page 3: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt
Page 4: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

St.meld. nr. 17(2006–2007)

Eit informasjonssamfunn for alle

Utgangspunkt for meldinga

1 Innleiing

Informasjons- og kommunikasjonsteknologien(IKT) har forandra verda, ikkje berre ein gong, menfleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sinberømte artikkel1 «As we may think». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var sluttkunne vendast til fredeleg bruk, hovudvisjonen varå sikre tilgang til alle dei kunnskapskjelder som erbygde opp gjennom hundreåra. Bakgrunnen var atvi byggjer opp berg av kunnskap og forskingsresul-tat, men at vi ikkje maktar å halde oversikt over ogfinne fram i resultata som er skaffa fram av tusenarav forskarar rundt omkring i verda. Som eksempelnemner han Mendels arvelovar: Dei var tapte forverda gjennom ein heil generasjon, fordi Mendelspublikasjon ikkje nådde fram til dei få som ville vorei stand til å utnytte resultata. Vannevar Bush drøy-mer, i 1945, om å utvikle nye teknikkar for å lagreog gjenfinne informasjon, han drøymer om at Ency-clopedia Britannica skal kunne lagrast i ei eining påstorleik med ei fyrstikkeske, han drøymer om at eitbibliotek med millionar av bøker skal kunne lagrasti ei skivebordskuff, og at heile kunnskapsproduk-sjonen til menneskja, heilt sidan trykkingas allerførste dagar, skal kunne lagrast i ein varebil. Han

drøymer vidare, framleis i 1945, om at lagringa avBritannica skal koste 10 cent, og at det å sende inn-haldet kvar som helst i verda skal koste ein cent.

I dag er desse draumane blitt røyndom. Gjen-nom ny teknologi har vi moglegheiter som langtoverstig det Vannevar Bush drøymde om. Vi harsmå bibliotek i lomma, vi har oppheva avstandar ogendra det meste rundt korleis vi arbeider, og fritidaog kontakten med venner og kjente kjem aldri til åbli slik den ein gong var.

Vår felles kunnskap i kombinasjon med raskteknologiutvikling gir store moglegheiter for eividare utvikling av informasjonssamfunnet. Digitalkompetanse i befolkninga, gode offentlege tenes-ter og føreseielege rammevilkår er naudsynt for atNoreg framleis skal vere eit av verdas beste land åbu i. At vår felles utvikling skal vere inkluderandeog omfatte alle, er meir enn ei hjartesak for denneregjeringa. Det er tvingande nødvendig.

IKT er i sin natur grenseoverskridande og gripinn på alle sektorar og samfunnsområde. Er detberre ein vilje til koordinering, gir dette storemoglegheiter for gevinstar ved samordna utnyttingav samfunnets felles ressursar. Dette bør skje gjen-nom eit godt samarbeid mellom privat og offentlegsektor, mellom innbyggjarar og myndigheiter, ogmellom menneske med ulike evner og ressursar.Slik kan vi få til ei meir effektiv utnytting av offent-1 http://www.theatlantic.com/doc/194507/bush

Page 5: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

4 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 2006– 2007Eit informasjonssamfunn for alle

lege ressursar, ei fornying og effektivisering avoffentleg sektor og betre tenester til innbyggjararog næringsliv. Slik kan vi oppretthalde og fornyeeit konkurransedyktig næringsliv og heve den all-menne og digitale kompetansen i befolkninga. Deter gjennom eit godt samarbeid at vi løftar kvaran-dre, at vi skaper økonomisk vekst, opprettar nyearbeidsplassar og sikrar den tryggleiken dei flesteav oss tar for gitt.

Denne meldinga femnar breitt. Den grip fatt ifleire store tema, og byr opp til debatt om vesentlegevegval og utfordringar for fellesskapet. Den seiernoko om kva tid vi er inne i, men utan å kikke veldigdjupt i glasskula. Den går inn på tema som omhand-lar kompetanse og digital inkludering og set søkjely-set på ei utvikling der universelt utforma løysingarbør vere det føretrekte. Den føreskriv ei fornya ogeffektivisert offentleg forvaltning med gode og stan-dardiserte tekniske løysingar som kan nåast av bru-karen når brukaren sjølv ønskjer det. Meldinga setsøkelyset på næringsutvikling og auka IKT-for-sking. Den tek for seg personvernspørsmål knyttetil IKT-bruk, og den tek for seg samfunnstryggleikknytt til ein felles elektronisk infrastruktur somoffentlege myndigheiter, næringsliv og dei fleste avoss er kopla opp mot. Regjeringa har mange mål ogambisjonar for samfunnsutviklinga, blant anna ned-felt i Soria-Moria-erklæringa. Desse skal vi nå, medteknologien som støtte og ikkje som eit hinder påvegen. Og somme av desse måla skal regjeringa nåvesentleg lettare gjennom den retninga for IKT-poli-tikken som denne meldinga gir.

På mange måtar har vi lykkast godt i å skapeinformasjonssamfunnet i Noreg. Men utviklinga erabsolutt ikkje over. Korta er ikkje delte ut ein gongfor alle, det kjem stadig nye rundar. Nye ting blirmoglege, gamle løysingar går på skraphaugen. Deter knivskarp internasjonal konkurranse om åskape verdiar gjennom IKT. Derfor er det viktigkorleis vi legg forholda til rette for den einskilde,for bedrifter og for institusjonar, slik at Noreg kanligge i første rekkje også vidare framover.

2 Utviklingslinjer. Kvifor det trengst ein heilskapleg IKT-politikk (Kap. 2)

Den teknologiske utviklinga vil halde fram i raskttempo, i minst 10 år til. Dermed held dei raskeendringane fram i bedrifter, institusjonar og hosbrukarane. Dette tempoet er ei utfordring i segsjølv, fordi avgjerdsprosessar knytte til ny politikkog nytt regelverk kan ta år. På IKT-området skjer

endringar ofte raskt, og det oppstår dermed einrisiko for at vurderingar og forslag «går ut på dato».

Rask teknologisk utvikling fører til krevjandeutfordringar i arbeidet med å ta politiske avgjerderog gjennomføre desse. IKT-politikken er først ogfremst vellykka dersom den kan bidra til at regje-ringa når sine ambisjonar på viktige samfunnsom-råde, bl.a. innan fornyinga av offentleg sektor,innan nærings- og arbeidslivspolitikken, utdan-nings- og forskingspolitikken, og helse- og sosial-politikken.

Fordi IKT-politikken er grenseoverskridande oginngår i dei fleste av dei tradisjonelle politikkom-råda, blir det stadig behov for tverrgåande initiativ.Eit moderne samfunn, som det norske, med høgttempo og stor dynamikk, skaper eit kontinuerlegbehov for ny politikk og ny regulering, samtidigsom teknologien sjølv endrar premissane for denreguleringa som til kvar tid gjeld innan ei rekkepolitikkområde.

Utviklinga og gjennomføringa av ein heilskaplegIKT-politikk er nødvendig for ei vidare utvikling avinformasjonssamfunnet. Denne regjeringa har trupå at dei land som fører ein politikk som tek i brukmoglegheitene og haustar gevinstane ved IKT,samtidig som dei evnar å motverke eller dempeuønskte verknader, vil oppnå ein større vekst og eibetre velferdsutvikling enn dei landa som ikkje tektak i endringsbehova.

3 IKT gir høgare produktivitet og auka velferd (Kap. 3)

IKT er ei sentral drivkraft i økonomien. Nylege EU-data viser at IKT-sektoren representerer 5 prosentav landas bruttonasjonalprodukt, men driv 25 pro-sent av den totale veksten i samfunnet og 40 pro-sent av produktivitetsveksten. IKT er ein gjennom-gripande teknologi som bidrar til å auke produkti-viteten i ei rekkje sektorar og næringar, alt fråfôring i oppdrettsnæringa, via automatisering iindustrien til drastiske endringar i vidt forskjelligeservicenæringar som varehandel, bank og forsik-ring. I tillegg er teknologien ein mogleggjerar forein meir effektiv og betre offentleg tenesteproduk-sjon. Og jo høgare produktivitetsveksten er, jomeir kan vi ta ut i form av auka velferd.

4 Alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet (Kap. 4)

Noreg ligg i verdstoppen med omsyn til utbreiingav IKT i samfunnet. Dette gir lettare tilgang til

Page 6: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

2006– 2007 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 5Eit informasjonssamfunn for alle

tenester og informasjon, offentleg som privat, foralle dei som er ein del av informasjonssamfunnet.IKT gir mange nye moglegheiter. Nettopp derforer det om å gjere å leggje til rette for dei som av for-skjellige grunnar står utanfor informasjonssamfun-net, anten det er sjølvvald eller ikkje. Tilgang til ogbruk av IKT, i eit samfunn i rask forandring, er eitverkemiddel for å oppretthalde grunnleggjandeprinsipp som deltaking og inkludering.

Det er særleg tre føresetnader som ligg tilgrunn for regjeringas arbeid med digital inklude-ring; digital tilgang, universell utforming og digitalkompetanse.

Digital tilgang dreier seg først og fremst om åsikre alle eit godt tilbod om høghastigheitsnett.Bustad skal ikkje vere avgjerande for om du kandelta i informasjonssamfunnet eller ikkje. Derforføreslår regjeringa auka løyvingar til breiband i2007.

Universell utforming av IKT-løysingar er einføresetnad for at alle skal kunne delta. Det er eitklart mål for regjeringa at all teknologisk utviklingmed IKT innan offentleg sektor skal byggje på uni-verselt utforma løysingar, det gjeld automatar såvel som PC-løysingar. Privat sektor blir oppfordratil å gjere det same.

Digital kompetanse i heile befolkninga er essen-sielt. Regjeringa vil derfor auke fokuset på digitalkompetanse, og leggje betre til rette for utsettegrupper som eldre og dei utanfor arbeidslivet,grupper som i dag heng etter når det gjeld tilgangtil elektroniske løysingar. Men elevar og arbeidsta-karar må òg utvikle sin digitale kompetanse gjen-nom skule og arbeidsliv, og på den måten bli kri-tiske mediebrukarar. Satsinga på IKT i skuleverketblir styrkt ytterlegare. Viktige element er å sikre til-gang til PC og Internett for alle elevar og lærarar,og å auke bruken av digitale læremiddel. Regje-ringa har som mål at norsk skule skal vere ein føre-gangsskule i verda når det gjeld bruk av IKT iundervisning og læring. Men samtidig er det viktigå fokusere også på andre arenaer for tileigning avkompetanse. Frivillige organisasjonar speler einøkkelrolle i dette arbeidet, det same gjer biblio-teka og offentlege kontor som eksempelvis NAV.Digital kompetanse er ikkje noko ein tileignar segein gong for alle, slik som det å sykle eller symje.

Godt digitalt innhald er ein nøkkel til kunn-skap, og regjeringa vil derfor fokusere på slik til-gang. Det er viktig å gjere tilgangen til innhald,eksempelvis frå Nasjonalbiblioteket, NRK ogandre kunnskapskjelder, så enkel som mogleg.

5 IKT-forsking – nødvendig for vidare framgang (Kap. 5)

Forsking har vore, og vil òg framover, vere heiltavgjerande for utviklinga innan informasjons- ogkommunikasjonsteknologi, også for bruken av tek-nologien. Forskinga må vere brei og femne overteknologi, samfunnsvitskap, jus og humaniora.Deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid eravgjerande også for norsk forskingsinnsats. Einannan føresetnad er tilstrekkeleg realfagskompe-tanse i samfunnet.

Næringslivet står i dag for litt under halvpartenav den totale FoU-innsatsen i Noreg. Om lag eintredjedel av dette er forsking i IKT-næringane, somaltså er meir forskingsintensive enn andre nærin-gar. Den offentlege forskingsinnsatsen viser eitnoko anna bilete. Løyvingane til IKT-forsking overbudsjetta til Forskingsrådet har stagnert dei sei-nare åra, trass i at IKT allereie i 1999 blei utpeiktsom eitt av fire prioriterte område. Denne priorite-ringa blei stadfesta i St. Meld. Nr. 20 (2005–2005),der IKT blei utpeikt til eitt av tre prioriterte tekno-logiområde. Regjeringa ønskjer å sikre IKT-for-skinga betre kår i åra som kjem. IKT-forskinga skalderfor opprioriterast innanfor dei gjeldande ram-mer for forskinga.

IKT-forskinga skal også bidra i satsinga pånordområda og gjennomføringa av det internasjo-nale polaråret. Informasjons- og kommunikasjons-teknologien har gode føresetnader for å kunnebidra til verdiskaping, velstand og tryggleik i nord-og polarområda. Ein del av tildelingane til dessesærlege satsingane skal derfor gå til IKT-forsking.

6 IKT gir eit konkurransedyktig og kunnskapsorientert næringsliv (Kap. 6)

Utviklinga innan informasjons- og kommunika-sjonsteknologien har dei siste åra prega utviklingaog rammevilkåra spesielt for tenestesektoren, derstørstedelen av verdiskapinga i næringslivet skjer.I 2005 omsette IKT-næringa for 177 milliardar kro-ner. Dette var ein auke på 2 prosent frå året før.

Vekselverknaden mellom ein god IKT-leveran-dørindustri og utnyttinga av teknologien i nærings-livet elles, er av stor betydning. Næringspolitikkenkan derfor bidra til IKT-utviklinga på to måtar. Denmå for det første leggje til rette for gode rammevil-kår som bidrar til innovasjon og verdiskaping iIKT-næringane, og då blant anna gjennom virke-middelapparata Innovasjon Noreg og SIVA. For det

Page 7: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

6 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 2006– 2007Eit informasjonssamfunn for alle

andre må styresmaktene leggje forholda til rettefor vidareutvikling og bruk av IKT i alt næringsliv,og i samfunnet elles.

Ei av utfordringane er å gjere næringslivetbetre i stand til å effektivisere ved hjelp av IKT.Utfordringa er blant anna mangelfull kompetanse ismå og mellomstore bedrifter, både med omsyn tilbasis brukarkompetanse, men også teknologiskspisskompetanse. Å auke IKT-kompetansen inæringslivet er eit klart mål for regjeringa. Denstore utbreiinga av teknologi blant folk er eit viktigkonkurransefortrinn. Framover vil store årskull gåut i pensjon, samtidig som etterspørselen etterspisskompetanse i næringslivet aukar. Noko avdenne kompetansen er tilgjengeleg frå land utanforEuropa. Lang behandlingstid i Noreg har i fleiretilfelle hatt som konsekvens at etterspurd kompe-tanse i staden har gått til verksemder og utdan-ningsinstitusjonar i andre land. Regjeringa er der-for oppteken av å leggje til rette for at søknadsbe-handling i samband med rekruttering frå landutanfor Europa skal bli raskare.

Det er også ei utfordring å få fleire bedrifter tileffektivt å ta i bruk e-handelsløysingar. Regjeringaønskjer å stimulere til vidare utbreiing av e-handel.

7 Ei døgnopen elektronisk forvaltning gir betre tenester (Kap. 7)

Noreg ligg langt framme internasjonalt i å ta i brukIKT i offentleg sektor. Men sektoren er stor,aktørane er mange og samspelet kan bli betre.Kvar einskild statleg verksemd har sjølv ansvaretfor innkjøp eller utvikling av eigne IKT-løysingar,samtidig som vi har ein sjølvstyrt kommunal sek-tor. Mange elektroniske tenester er dermed litesamordna ved at løysingane har vore «lokalt» utvi-kla utan at det har vore stilt felles krav til løysing.

Regjeringas ambisjon er todelt. Brukarane skalmøte ein open, tilgjengeleg og samanhengandeoffentleg sektor som tilbyr heilskaplege og fullsten-dige digitale tenester gjennom gode elektroniskesjølvbeteningsløysingar. Og regjeringa vil effektivi-sere og frigjere ressursar ved bruk av IKT, for der-med å kunne styrkje det offentlege velferdstilbodetsamtidig som administrasjonen blir redusert. Rettbruk av IKT gjer begge delar mogleg.

Regjeringa vil leggje til rette for ei døgnopenelektronisk forvaltning der verksemdene i langtstørre grad må samarbeide. Dette vil utfordre orga-nisatoriske, juridiske og forvaltningsmessige pro-sessar i offentleg sektor. Realiseringa av ei døgno-pen forvaltning skal baserast på hovudprinsipp om

utvikling av elektroniske sjølvbeteningsløysingar,etablering av tverrsektorielle fellesløysingar ogetablering av felles arkitekturprinsipp for IKT-løy-singane i offentleg sektor.

Elektroniske tenester, både til innbyggjarar ognæringsliv, skal vere tilgjengelege via innbyggjar-portalen Miside og næringslivsportalen Altinn. Kvareinskild verksemd vil ha ansvaret for å følgje oppdette i praksis. Etableringa av tverrsektorielle fel-leskomponentar skal støtte opp om utviklinga avdesentraliserte løysingar og verke på tvers av sek-torgrenser og forvaltningsnivå. Eit døme på slikefelleskomponentar er løysingar for sikker innlog-ging av personar og verksemder. Vidare skal storenye statlege IKT-prosjekt vurdere i kva grad deihar komponentar som kan brukast i ein fellesoffentleg IKT-infrastruktur. Etableringa av fellesarkitekturprinsipp for offentleg sektor er sjølverammeverket for oppbygging av offentlege IKT-system.

Regjeringa vil basere sin programvarepolitikkprimært på opne standardar, og ønskjer størrebruk av open kjeldekode. Bruk av opne IKT-stan-dardar er viktig, mellom anna fordi det gir betresamhandling mellom verksemder, og motverkar atoffentlege verksemder og brukarar blir låste tilspesielle teknologiar og leverandørar. Regjeringaønskjer òg at offentlege verksemder i større gradtek i bruk løysingar baserte på open kjeldekode. Einkultur for å dele eigenutvikla programvare vilkunne komme organisasjonar, bedrifter, studentarog IKT-spesialistar til gode.

Realiseringa av desse prinsippa vil i større gradenn tidlegare krevje tverrsektorielle samordnings-funksjonar innan bl.a. standardisering, omgreps-bruk og finansiering. Dermed er det også nødven-dig å utgreie nye måtar å organisere og styre IKT-arbeidet på.

8 Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet (Kap. 8)

Vi etterlet oss stadig fleire elektroniske spor, sam-tidig som personvernet blir utfordra gjennom eimeir omfattande registrering og intensiv bruk avpersonopplysningar. Føremåla kan ofte vere deialler beste, nettopp derfor er det òg viktig åerkjenne kor sårbart personvernet er. At det er vik-tig å kjempe mot terrorisme og organisert krimina-litet, er vanskeleg å argumentere mot, og dermeder det også lettare å få aksept for «nye» overva-kings- og kontrolltiltak. Personvernet risikerer der-

Page 8: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

2006– 2007 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 7Eit informasjonssamfunn for alle

med å «bytast bort» mot økonomiske eller andrefordelar.

Undersøkingar viser at kunnskapen om per-sonvern er dårleg, både blant folk flest og i bedrif-tene. Det same gjeld etterlevinga av personvernlov-givinga.

Personverninteressene blir utfordra av andreinteresser, både kommersielle og ideelle interes-ser. Særleg den einskildes ønske om diskresjonkan komme i konflikt med andre interesser. Kvarteinskilt tiltak kan verke harmlaust, men summenav tiltak over tid kan vere uheldig for personvernet.Ei viktig utfordring framover vil vere å ha blikk forheilskapen og dei mangearta personvernutfordrin-gane vi står overfor. Regjeringa føreslår derfor åetablere ein personvernkommisjon som skal gjen-nomføre ein heilskapleg statusgjennomgang, ogsamtidig utgreie korleis personvernet kan unngå ålide skade ved innføring av ny teknologi.

Parallelt med dette arbeidet vil regjeringa setjei verk andre nødvendige tiltak, med blant annafokus på retten til å vere anonym, og utvikling avløysingar som sikrar eit slikt tilbod der anonymiteter tenleg og identifikasjon ikkje nødvendig. Regje-ringa vil også ha tiltak for å stimulere til bruk ogutnytting av teknologi på måtar som styrkjer per-sonvernet, blant anna ved bruk av såkalla person-vernfremjande teknologiar. Vidare blir det skisserttiltak for å greie ut behovet for betre samordningav ulike tilsynsmyndigheiter og behovet for betreharmonisering av regelverket på personvernområ-det.

Meldinga føreslår også tiltak for å auke kunn-skapen om personvern og lovgivinga på området,særleg med omsyn til bevisstgjering og målrettingav informasjon til barn og unge om trygg og sikkerbruk av Internett. Rettstryggleiken ved bruk avautomatiserte avgjerdsstøttesystem, og innføringav eventuelle krav til ivaretaking av personvern iinnkjøps- og utviklingsprosessar, er andre områdesom blir tekne opp.

9 Alle har ei rolle i å vareta IKT-tryggleiken i samfunnet (Kap. 9)

IKT-tryggleiken er eit naturleg deltema i den samlaIKT-politikken. Dette kapitlet, og spesielt avsnitt9.4, utgjer dessutan regjeringas svar på den utgrei-inga Stortinget har bedt om den 2.03.2006, underbehandling av Riksrevisjonens undersøking om åsikre IT-infrastruktur, jfr. Dok. Nr. 3:4 (2005–2006)og Innst. S. Nr. 85 (2005–2006).

Regjeringas overordna mål er at den generelleIKT-tryggleiken i samfunnet skal vere god. Sam-funnskritisk IKT-infrastruktur skal vere robust ogsikker i forhold til dei truslar den blir utsett for. Deikritiske informasjonssystema skal vere sikra slik atskadeverknadene ved tryggingsbrot ikkje er størreenn det ein kan definere som akseptabel risiko. Detgenerelle medvitet om risikoar knytte til informa-sjonssystem og nettverk, om politikk, rutinar, tiltakog prosedyrar for å ta hand om desse risikoane, ogom behovet for at dei blir sette i verk, skal aukast.Tidlegare har IKT-tryggleik vore ei oppgåve forspesialistar. Dette er grunnleggjande endra. Nohar alle ei rolle i å få til IKT-tryggleik i praksis:offentleg sektor, private bedrifter, og dei individu-elle brukarane både på jobben og i fritida.

Regjeringa har gjennomgått ansvarsforholdarundt IKT-tryggleiken. Primæransvaret for sikringav informasjonssystem og nettverk ligg hos eigareller operatør, dernest har kvart fagdepartementeit overordna sektoransvar. Fornyings- og adminis-trasjonsdepartementets samordningsansvar forIKT-tryggleik skal berre gjelde førebyggjande, tverr-sektorielt arbeid. I tråd med dette har regjeringa ibudsjettframlegget for 2007 føreslått å overførebudsjettansvaret for NorCERT (Norwegian Com-puter Emergency Response Team) frå FAD til For-svarsdepartementet. FAD har ansvaret for NorskSenter for Informasjonssikring, NORSIS, somarbeider førebyggjande.

Page 9: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

8 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 2006– 2007Eit informasjonssamfunn for alle

Vedlegg 1

Tiltak i St.meld. nr. 17 (2006–2007)

Tiltaka i meldingskapitlane 4, 5, 6, 7 og 8 vertomtala nedanfor:

4 Alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet

Tiltak 4.1: Breiband i heile landet

Regjeringa vil sikre dei siste 4–5 prosentane av inn-byggjarane eit breibandstilbod. Dei auka midlanetil breibandsutbygging skal gå til auka utbygging idistrikta og vil bli fordelte gjennom Høykom-ord-ninga. For 2007 legg regjeringa opp til ei total løy-ving på om lag 122 millionar kroner, den størsteløyvinga til Høykom nokon gong. Av desse mid-lane skal 100 millionar kroner øyremerkjast dis-triktsområde utan eksisterande breibandstilbod.Det offentlege skal bidra til utvikling og utbygginggjennom vedvarande sterk etterspørsel etter brei-bandstenester.

Utgangspunktet for breibandspolitikken skalframleis vere at det er marknadsaktørane som skaletablere nett og tenester. Styresmaktene skalberre understøtte utviklinga der marknadensviktar.

Tiltak 4.2: Offentlege verksemder skal bidra til tilgang på utstyr

Det skal satsast vidare på biblioteka si rolle somformidlar av rettleiing og tilgang til elektronisketenester.

Alle relevante offentlege kontor bør ha publi-kumsterminalar tilgjengelege og kunne gi rettlei-ing i bruk av sine elektroniske tenester.

Tiltak 4.3: Satsing på IKT i skulen

Det skal leggjast til rette for auka bruk av digitalelæremiddel, og over tid medverknad til reduksjonav elevanes utgifter til læremiddel.

Skulen si rolle i arbeidet med utjamning av mel-lom andre digitale skilje vil bli behandla i ei eigastortingsmelding om utdanning som verkemiddelfor sosial utjamning.

Det skal leggjast til rette for ei identitetsforvalt-ning for grunnopplæringa som byggjer på Feide-prosjektet.

Tiltak 4.4: Den digitale allmenningen

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vilsaman med aktuelle departement som til dømesKultur- og kyrkjedepartementet og Kunnskapsde-partementet greie ut om det er mogleg å kjøpe friforskjellig opphavsrettsleg verna materiale, slik atein på sikt kan gjere ein digital allmenning tilgjen-geleg for befolkninga.

Kunnskapsdepartementet vil i samarbeid medKultur- og kyrkjedepartementet leggje til rette forpedagogisk tilrettelegging av nasjonalarven.

Tiltak 4.5: Universelt utforma offentlege elektroniske tenester

Regjeringa vil følgje opp forslaget frå Syseutvalet iNOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet, og fremjeforslag om ein ny ikkje-diskriminerings- og til-komstlov. Regjeringa ønskjer at offentlege elektro-niske tenester skal ha universell utforming dersomikkje spesielle forhold gjer det umogleg. Forny-ings- og administrasjonsdepartementet greier utkonsekvensane av å ta IKT inn i denne lova.

Under leiing av Fornyings- og administrasjons-departementet skal relevante kompetansemiljøutvikle rettleiingar og detaljering av standardar ogkrav for universell utforming av IKT. I dette arbei-det må ein også utarbeide indikatorar for korleisuniversell utforming skal takast i bruk.

Når tenlege indikatorar for universell utfor-ming av IKT ligg føre, vil ein vurdere å ta dei inn ioffentlege rapporteringssystem som KOSTRA ogdet nye StatRes.

Page 10: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

2006– 2007 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 9Eit informasjonssamfunn for alle

Tiltak 4.6: WAI-kriteria ved utvikling av offentlege nettstader

Ved all nyutvikling eller omfattande vidareutvik-ling av offentlege nettstader blir offentlege verk-semder oppfordra til å følgje WAI-kriteria slik deikjem fram i Noreg.no sine kvalitetskrav for nettsta-der. Ved tildeling av offentleg støtte til andre nett-stader vil regjeringa også oppmode om at det børstillast krav om at dei følgjer WAI-kriteria.

Etatar som ligg under Fornyings- og adminis-trasjonsdepartementet, blir pålagde å nytte WAI-kriteria slik dei kjem fram i Noreg.no sine kvalitets-krav for nettstader, ved nyutvikling eller omfat-tande vidareutvikling av sine eksterne og internenettstader.

Arbeidet med kvalitetsvurdering av nettenesterskal trappast opp. Frå 2007 skal også nokre sen-trale, private nettstader med stor nytteverdi vurde-rast av Noreg.no. Noreg.no skal tilby ei merkeord-ning som synleggjer i kva grad offentlege og pri-vate nettstader er utforma etter kriterium fortilgjengelegheit.

Tiltak 4.7: Klårare ansvarsforhold i arbeidet med universell utforming av IKT

Organiseringa av det offentlege arbeidet med uni-versell utforming av IKT og elektroniske tenesterskal gjennomgåast med sikte på enklare og klåraretilbod og ansvarsforhold.

Det skal utarbeidast ein ny handlingsplan forauka tilkomst for personar med nedsett funksjons-evne, der IKT vil få ein sentral plass.

Tiltak 4.8: Stimulere til utvikling av løysingar som gir auka tilkomst til IKT-baserte produkt og tenester

Regjeringa ønskjer at satsinga på IT Funk vert vida-reført i seks nye år frå 2007.

Tiltak 4.9: Offentlege verksemder skal bidra til digital kompetanseutvikling.

Offentlege verksemder skal bidra til ei digital kom-petanseutvikling i befolkninga, ved i større grad åinngå samarbeid både med arbeidslivet og ideelleverksemder.

Offentlege kontor med publikumstenester vertoppmoda til å opprette publikumsterminalar ogorganisere rettleiing for å sikre tilgang til elektro-niske tenester for den delen av befolkninga somikkje har tilgang til datautstyr heime eller på arbei-det.

Tiltak 4.10: Informasjonen som blir gitt til skular, foreldre, unge og forbrukarar knytt til trygg bruk av Internett, skal koordinerast ytterlegare

Dette er ei oppfølging av tiltaksplanen «Barn, ungeog Internett», ein felles tiltaksplan for tryggarebruk av Internett for barn og unge. Her blir arbei-det med å sikre ein tryggare bruk frå

mange departement, underliggjande etatar ogverksemder, bransjeorganisasjonar, einskildeaktørar i marknaden og frivillige organisasjonarkoordinert og presentert på ein samordna måte

Tiltak 4.11: Kunnskapsløftet skal følgjast opp

Arbeidet med å sikre alle elevar digital kompetansesom ei grunnleggjande ferdigheit, blir følgt opp itilknyting til innføringa av Kunnskapsløftet. Detsame gjeld arbeidet med å sikre alle lærarar nød-vendig kompetanse og ferdigheiter til å utnytteIKT i undervisning og læring

Universitet og høgskular skal medverke til eidigital kompetanseutvikling blant studentar og fag-folk som ein integrert del av eiga verksemd innan-for utdanning og forsking. Lærestadene skal sams-pele med nasjonale tiltak som UNINETT og Noreg-suniversitetet om å vidareutvikle ein god ogeffektiv bruk av IKT i norsk høgre utdanning.

5 IKT-forsking – nødvendig for vidare framgang

Tiltak 5.1: Auke den samla forskingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonalprodukt innan 2010.

Regjeringa har som mål å auke den samla for-skingsinnsatsen i Noreg til 3 pst. av bruttonasjonal-produkt innan 2010. Dette er eit ambisiøst mål,som legg til grunn ei kraftig offentlig satsing og einsterk auke i FoU-innsatsen til næringslivet.

Tiltak 5.2: Prioritere og styrkje IKT-forskinga

Regjeringa vil prioritere og styrkje IKT-forskinga idei generelle løyvingane til FoU i tråd med førin-gane som ligg i St. meld nr 20 (2004–2005) Vilje tilforskning.

Tiltak 5.3: Nordområda

I satsinga på nordområda vil regjeringa prioriteramellom anna IKT-forskinga.

Page 11: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

10 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 2006– 2007Eit informasjonssamfunn for alle

Tiltak 5.4: Eit breitt spekter av verkemiddel

Regjeringa vil arbeide for å styrkje IKT-forskingagjennom eit breitt spekter av verkemiddel underNoregs forskingsråd og bidra til at dei ulike satsin-gane blir sedde i samanheng. Programmet Kjerne-kompetanse og verdiskaping i IKT (VERDIKT) vilvere eit sentralt verkemiddel.

Tiltak 5.5: Styrkje rekrutteringa til IKT og IKT-relevante fag

Regjeringa vil styrkje rekrutteringa til IKT og IKT-relevante fag, mellom anna gjennom oppfølging avKunnskapsdepartementets realfagsstrategi og For-skingsrådets strategi for grunnforsking innanmatematikk, naturvitskap og teknologi.

Tiltak 5.6: Offentleg sektors rolle som god og krevjande kunde

Regjeringa vil vidareutvikle offentleg sektors rollesom god og krevjande kunde innanfor IKT-feltet.Ut over løyvingane til FoU spelar det offentlege eiviktig rolle i næringsutviklinga som kunde ogbestillar av ulike produkt, utviklingsprosjekt ogtenester.

Tiltak 5.7: Deltaking i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling

Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sju-ande rammeprogram for forsking og teknologiskutvikling og vil leggje fram ein eigen proposisjonom norsk deltaking etter at endeleg vedtak er trefti EU, venteleg rundt årsskiftet.

Tiltak 5.8: Delta i utforminga av europeiske teknologiplattformar

Noreg er invitert og har takka ja til å delta i utfor-minga av europeiske teknologiplattformar.

Dette er viktig både for norsk IKT-forsking ogfor anna norsk deltaking i europeisk forskingssam-arbeid. Regjeringa vil oppfordre til at fleire norskenasjonale teknologiplattformer blir oppretta derdet er etablert store europeiske teknologiplattfor-mer med aktiv norsk deltaking.

Tiltak 5.9: EUREKA-deltakinga

Regjeringa legg opp til at den norske EUREKA-del-takinga innanfor IKT-området blir vidareført og omnødvendig styrkt.

Tiltak 5.10: Deltaking i ulike handlingsprogram innanfor IKT-området i EU.

Regjeringa vurderer jamleg deltaking i ulike hand-lingsprogram innanfor IKT-området i EU.

Tiltak 5.11: Styrkje samarbeidet om IKT-forsking med land utanom Europa

Regjeringa vil òg styrkje samarbeidet om IKT-for-sking med land utanom Europa, mellom anna gjen-nom å utnytte dei nye bilaterale avtalane med USAog viktige asiatiske land.

6 IKT gir eit konkurransedyktig og kunnskapsorientert næringsliv

Tiltak 6.1: Styrkje løyvinga til Program for basiskompetanse i arbeidslivet

Regjeringa ønskjer å styrke løyvinga til Programfor basiskompetanse og har foreslått å løyve 35,4millionar kroner til programmet over 2007-budsjet-tet. Løyvinga for 2006 var på 25 millionar kroner.

Tiltak 6.2: Styrkje satsinga for å tiltrekke utanlandsk faglært arbeidskraft til norske bedrifter.

Regjeringa har i budsjettet for 2007 føreslått å løyve2,5 millionar kroner til styrking av kapasiteten iUtlendingsdirektoratet til behandling av søknaderfrå faglært arbeidskraft. I budsjettet er det vidareføreslått at Arbeids- og velferdsetaten blir tildelt 7,5mill. kroner til arbeidet med å styrkje støtta tilarbeidsgivarar som ønskjer å rekruttere utan-landsk arbeidskraft gjennom EURES (det euro-peiske formidlingsarbeidet)

Tiltak 6.3: Berekraftige lokalsamfunn

Regjeringa ønskjer å leggje til rette for eit lønnsamtog konkurransedyktig næringsliv i alle delar av lan-det. Dette skal skje gjennom bruk av verkemiddel-apparata Innovasjon Noreg og SIVA.

Tiltak 6.4: Innovasjon i eksisterande næringsliv

Regjeringa ønskjer å stimulere til innovasjon ieksisterande næringsliv gjennom å yte støtte tilindustrielle forskings- og utviklingskontraktar.

Page 12: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

2006– 2007 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 11Eit informasjonssamfunn for alle

Tiltak 6.5: Leggje til rette for nytt kunnskapsintensivt næringsliv

For å leggje til rette for nytt kunnskapsintensivtnæringsliv vil regjeringa styrkje løyvinga til eta-blerarstipend og inkubatorstipend.

Tiltak 6.6: Vidarebruk av offentleg informasjon

Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk somsikrar effektiv vidarebruk av offentleg informasjonfor auka verdiskaping og utvikling av nye tenester.

For å leggje til rette for vidarebruk av offentliginformasjon, skal hovudregelen om at innsyn skalvere gratis oppretthaldast, og betaling skal berretakast i særlege tilhøve og då med eit kostnadsba-sert prinsipp som hovudregel.

7 Ei døgnopen elektronisk forvaltning gir betre tenester

Tiltak 7.1: Etablering av elektroniske sjølvbeteningsløysingar.

Kvar einskild verksemd/sektor må gjere relevantetenester tilgjengelege via portalane Miside ogAltinn, i tillegg til evt. formidling gjennom verk-semdas eigen nettstad. Verksemda/sektoren haransvaret for å følgje opp dette tiltaket.

Tiltak 7.2: Etablering av ei publiseringsteneste for offentlege elektroniske postjournalar.

Denne skal bidra til å fremje openheit og styrkedemokratiet ved å gi folk flest betre kunnskap omog innsyn i offentlege aktivitetar, ressursbruk ogresultat.

Tiltak 7.3: Systematiske brukarundersøkingar.

Alle statlege etatar skal gjennomføre systematiskebrukarundersøkingar som også skal omfatte verk-semdas utoverretta IKT-tenester. Som einhovudregel skal resultata offentleggjerast.

Tiltak 7.4: Etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor.

Arkitekturen skal vere lagdelt og vil minimumbestå av eit presentasjonslag, eit felleskomponent-lag og eit verksemdslag. Arkitekturen skal i størstmogleg grad baserast på opne standardar og eitregime for informasjonstryggleik. Innan utgangenav 2007 skal det utarbeidast ei meir detaljert

beskriving av arkitekturprinsippa med tilhøyrandestrategi, målbilete og retningslinjer. Sektoranes ogverksemdenes IKT-strategiar og store offentlegeIKT-prosjekt, skal byggje på og understøtte desse.

Tiltak 7.5: Utarbeiding av ein referansekatalog over forvaltningsstandardar.

Det skal etablerast forvaltningsstandardar somskal presenterast samla i ein såkalla referansekata-log. Referansekatalogen skal gi offentlege verk-semder, leverandørar og andre interesserte eioversikt over tilrådde og obligatoriske forvalt-ningsstandarar med relevans for IKT-løysingar idet offentlege. Referansekatalogen skal byggjastopp gradvis over tid, og vil i 2007 bli utvida medkonkrete standardar på fleire nye område.

Tiltak 7.6: Det skal vurderast å etablere felleskomponentar.

For å understøtte den stadig meir komplekse elek-troniske samhandlinga i og med offentleg forvalt-ning, og samtidig bidra til ei mest mogleg brukar-retta forvaltning som utnyttar knappe ressursar påein mest mogleg effektiv måte, skal det vurderast åetablere felleskomponentar for offentleg sektor. Iden samanheng må ein bl.a. vurdere korleis dettebør finansierast, styrast og organiserast.

Tiltak 7.7: Samarbeid med store IKT-prosjekt om felleskomponentar.

I store nye IKT-prosjekt i staten skal prosjektet vur-dere om dei kan bruke statens felles IKT-kompo-nentar, eller om prosjektet kan ha eller utviklekomponentar som kan stillast til rådvelde for felles-skapet. Det er ein føresetnad at vurderingane ikkjemå føre til særleg negative konsekvensar for pro-sjektet og for noverande driftsløysingar m.v. knyttetil desse.

Tiltak 7.8: Vurdere oppbygging av eit fornya folkeregister.

Regjeringa skal i samband med arbeidet med fellespersonopplysningar vurdere eit fornya folkeregis-ter.

Tiltak 7.9: Vurdere felles statlege krav for IKT-tryggleiksprosessar.

På område der det er spesielle lovkrav, avtaleretts-lege forhold eller evt. særleg risiko, vil regjeringavurdere å stille krav om sertifisering. IKT-trygglei-

Page 13: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

12 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 2006– 2007Eit informasjonssamfunn for alle

ken i offentleg sektor skal byggje på nasjonal stra-tegi for informasjonstryggleik. For å lykkast med åimplementere elektronisk forvaltning er det derforein føresetnad at ein har systematisk styring av sty-resmaktenes og verksemdenes IKT-tryggleik. F

Tiltak 7.10: Etablering av eit nasjonalt kompetansemiljø for open kjeldekode.

For at offentlege verksemder skal ha betre føreset-nader til å ha eit aktivt forhold til open kjeldekode,skal det opprettast eit kompetansemiljø som funge-rer som nøkkelressurs for offentlege verksemderpå dette området.

Tiltak 7.11: Preferanse for open kjeldekode.

Regjeringa vil vurdere å leggje til grunn ein prefe-ransepolitikk for open kjeldekode, slik at offent-lege verksemder skal velje open kjeldekode bl.a.når slike løysingar er like kostnadseffektive ogmed god nok kvalitet i forhold til dei leverandø-reigde. I tillegg vil FAD vurdere etablering av gene-relle prinsipp om at programvare som blir utviklapå oppdrag frå det offentlege, skal gjerast tilgjenge-leg som open kjeldekode.

Tiltak 7.12: Open kjeldekode som tema i relevant utdanning.

Regjeringa vil vurdere korleis ein kan styrkje opp-læring og bevisstgjering om open kjeldekode ividaregåande skuleopplæring, og samstundes for-betre undervisningstilbodet på dette området påhøgskule- og universitetsnivå.

Tiltak 7.13: Avklare organisering av arbeidet med felleskomponentar.

Regjeringa vil vurdere korleis arbeidet med fellesIKT-arkitektur for offentleg sektor, etablering avfelleskomponentar, det vidare arbeidet med for-valtningsstandardar m.m., i tida framover bør orga-niserast, styrast og finansierast.

8 Eit godt personvern er ein føresetnad for informasjonssamfunnet

Tiltak 8.1: Nedsetjing av ein personvernkommisjon.

Kommisjonen skal ta for seg den sårbare stillingafor personvernet i møte med den teknologiske

utviklinga og komme med forslag som kan styrkjepersonvernet sin status. Her skal ein også sjå nær-mare på samanhengen mellom ulike føresegnersom regulerer personvern for å sikre koordinering,harmonisering av omgrepsbruk og hindre overlap-ping, og for å gjere regelverket lettare tilgjengeleg:– Forholdet mellom personopplysningslov og

særlovgivinga.– Forholdet mellom teiepliktføresegner innan-

for ulike område.– Behovet for konkrete rettslege reguleringar på

livsområde der det er eit særleg behov foravklaring av personvernspørsmål.

– Utvikling av meir sektorprega retningslinjer.

Tiltak 8.2: Regjeringa går inn for at det framleis må vere tilbod om anonyme løysingar i samanhengar der det ikkje er nødvendig å identifisere seg.

Anonyme løysingar skal vere tilgjengelege isamanhengar der dette er føremålstenleg.

Regjeringa vil greie ut moglegheita for– Pseudonyme løysingar som alternativ til full

anonymitet og full identifikasjon.– Pseudonyme sertifikat i løysingar for digital

signatur der dette er tilstrekkeleg.– Anonyme betalingskort som alternativ til bank-

kort/kredittkort som er knytte til identitet.

Tiltak 8.3: Regjeringa vil setje i verk tiltak som støttar bruk av personvernfremjande teknologi.

Det offentlige bør vise veg i dette arbeidet gjennom– Regelverksendringar som gir meir direkte støt-

te til bruk av personvernfremjande teknologi.– Personvernkrav som standard i nye IKT-sys-

tem, bl.a.:– Krav til implementering av meir finmaska

styring av tilgangsrettar til informasjonssys-tem på basis av eit need-to-know-prinsipp

– Krav til at det skal vere mogleg å loggetransaksjonar

Tiltak 8.4: Regjeringa vil setje i verk tiltak for å betre verksemdenes etterleving av Personopplysningsloven, irekna å

– Utarbeide sektorvise rettleiarar «best practice»med tilråding av gode teknologiske løysingar.

– Utarbeide eit gjennomgripande kompetanse-program som skal inngå i ulike samanhengar.

Page 14: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt

2006– 2007 Kortversjon av St.meld. nr. 17 (2006–2007) 13Eit informasjonssamfunn for alle

Tiltak 8.5: Regjeringa vil greie ut korleis rettstryggleiken kan varetakast på ein tilstrekkeleg måte i forhold til heil- og delvis automatiserte avgjerdsløysingar.

Ein skal òg sjå på høvet til klage og omgjering vedeventuelle feil, høvet til innsyn og dokumentasjonog kor tilgjengelege ulike program er.

Tiltak 8.6: Regjeringa vil setje i verk utgreingsarbeid der ein vil sjå nærmare på:

– Korleis det kan utformast reglar som støttarbruken av personvernfremjande teknologi.

– Utvikling av verktøy for gjennomføring avinternkontroll i samsvar med personopplys-ningslova.

– Utvikling av generelle verktøy for varetakingav krav til informasjonstryggleik.

– Korleis ein kan gjera personopplysningslovenmeir operativ gjennom forenkling og ryddingav vanskelege omgrep.

– Behovet for harmonisering med anna regel-verk på personvernområdet.

Tiltak 8.7: Arbeidsdelinga mellom Datatilsynet og andre tilsynsmyndigheiter

Regjeringa vil gå gjennom arbeidsdelinga mellomDatatilsynet og andre tilsynsmyndigheiter som har

oppgåver som omfattar behandling av personvern-opplysningar, med tanke på å leggje til rette fornærmare samarbeid og samordning.

Tiltak 8.8:

Det skal setjast i verk tiltak for å sikre at bevisstgje-ring av barn og unge om personvern og digitaldømmekraft står sentralt i undervisninga, gjennommålretta informasjon om teknologiske mogleghei-ter og utfordringar på personvernområdet.

Tiltak 8.9: Sikre kompetanse, forståing og intern metodikk for personvernspørsmål

Regjeringa vil setje i verk tiltak som sikrar tilstrek-keleg kompetanse, forståing og intern metodikksom inneber at det vert vurdert å ta personvern-spørsmål og tenlege tiltak tidleg inn i regelutvik-ling som omhandlar innkjøps- og andre utviklings-prosessar hos styresmakter og verksemder.

Tiltak 8.10: Systematisere og styrkje forskingsinnsatsen på personvernområdet.

Regjeringa vil treffe tiltak for å systematisere ogstyrkje forskingsinnsatsen på personvernområdet.Det bør etablerast eit tverrfagleg forskingspro-gram på IKT og personvern i vid tyding av pro-blemstillinga.

Page 15: Innhald - regjeringen.no · fleire. I juli 1945 publiserte Vannevar Bush sin berømte artikkel 1 «As we may think ». Han er oppte-ken av korleis krigsforskinga då krigen var slutt